Trenarane Tore Haukaas og Øystein Roe Sundsøy har sendt fylgjande oppsummering av vårsesongen for g12:
Som dei førre åra er vi framleis ei gruppe på 20 spelarar. Denne sesongen spelar vi 9ar-fotball med 7ar-mål. Mykje brå læring i starten av sesongen då det var uklart kva reglar som var rett, t.d. offside –ikkje offside. Forøvrig har dette gått greitt og det har vore kjekt å spele 9ar, sjølv med dei nye utfordringane dette har gitt. Sidan vi er ei stor gruppe har vi delt gutane inn i 3 puljer, der to spelar kamp og ei står over. Vi har no møtt laga Strand-Ulv, Eikelandsfjorden, Norheimsund og Os gepard. I løpet av heile sesongen møtes vi tre gonger. Ei mykje meir jamn pulje i år enn i fjor, då vi spelte i  Bergensserien. Så langt har vi to sigrar og fire tap, der tre av tapa fort kunne bikka vår veg.
Lerum cup var kjekt, sjølv om det sportslege ikkje var nokon suksess. Vi tapte alle vår kampar – fire svært klare tap, mens siste kampen var relativt jamn. 12 av 20 gutar var med dit.
Generelt sett er gutane ein flott gjeng som stadig er i utvikling. Satsar på ein god haustsesong. 
Øystein og Tore