Trenar Ole Andre Glesnes har fylgjande oppsummering av vårsesongen; Etter ein tøff haust i fjor der me dessverre måtte trekke juniorlaget var det knytta stor spenning til årets første kamp heima mot Eikelandsfjorden.  All tvil vart derimot feid til sides då juniorane leverte ein glitrande sesongdebut og åpna med knallsterke 7-2 mot eit bra lag. I neste runde møtte me Kringlebotn/Minde og me forsette i same spor og vant komfortabelt 4-0. Etter ein kjempegod start på sesongen gleda me oss til å ta i mot Gneist 3 på heimebane, men dessverre klarte dei ikkje stilla lag og me fekk ein walk over seier. Det vart derfor ein veldig rolig start på sesongen og på ein heil månad hadde me berre fått spelt to kampar.  Det var derfor knytta litt ekstra spenning til Os kampen som var 3.runde. I ein veldig jamn kamp der ingen av laga eigentleg skapte nokon store sjansar forutan måla reiste me heim med tre poeng etter ein susar frå Joas Vare Vik og 2-1 seier. I runden etterpå måtte me igjen ta turen til Os, denne gong mot Nore Neset/Lysekloster. Det vart også ein jamn kamp, men me følte sjølv at me gjorde det unødvendig jamt med å brenna masse sjansar. Heldigvis klarte me igjen å sikra tre poeng. Nesten to månadar etter første heimekamp tok me i mot Smørås 2 til vårsesongens andre heimekamp. Etter ein veldig slurvete første omgang og ein solid andre omgang vant me 2-0. I vårens siste bortekamp tok me turen til Fana. Det vart ein veldig spesiell kamp då me visste at eitt poeng var nok for å bli avdelingsvinnar og fordi me mangla mange av G16 spelarane som hadde bidratt heile våren til fleire triumfar. Med ein nykomponert bakre firar der blant anna vår solide keeper Eivind Solheim spelte stoppar fekk me to mål i fleisen allereie etter 10 minutt. Heldigvis utligna me til 1-1 i mellomtida og til 2-2 seinare og gjorte akkurat det me måtte, men ikkje meir, for å sikra avdelingsseieren. Siste kamp for våren var mot eit sterkt Norheimsund lag. Det vart eit spennande lokaloppgjeret men heldigvis endte det godt for vår del. Kampen enda 2-1 etter at laga hadde vore best i kvar sin omgang. Oppsummert gjekk me gjennom våren med sju  seirar og ein uavgjort. Det var heile 6 poeng foran lag nummer to. På 8 kampar slapp me kun inn 7 mål noko som me er svært nøgd med. I og med at nokon spelarar no er ferdig på Øystese Gymnas og forsvinn frå heimbygda til hausten vert det ein tøff haust i ein divisjon høgare men juniorlaget er klar til å bite frå seg