Øystese tok imot Ny-Krohnborg til seriekamp i dag. Øyvind Berge sytte for 1-0 leiing til då han nikka inn 1-0 frå kort hald. Ny-Krohnborg setter ballen i nettet og jubler for utlikning. Heldigvis har linjemann sett ein klar dytt i feltet og dommer omgjer frå scoring til frispark til Øystese. Bra at linjemenn markerer ting dei ser. Dette fører til ein oppheta diskusjon frå Ny-Krohnborg sin trenerbenk. Trenaren fortsetter å klage på alt og alle. Til slutt får dommeren nok og viser trenaren til bortelaget vekk frå sidelinja. Han fjerner seg til slutt og fortsetter med å true pensjonistene på mannebenken med juling før han til slutt fjerner seg heilt. Like før pause set Øyvind Berge inn 2-0. På nytt frå kort hald men denne gong med foten. Andre omgang blir prega av kriging og ein haug med gule kort. Ny-Krohnborg får ein gigantisk dobbeltsjanse som vert redda på strek før den vert satt i tverrliggeren frå 3 meters hald. Ny-Krohnborg fortset å presse på slutten og ligg høgt og då skjer det som ofte skjer. Like før slutt aukar Vitor Martelo til 3-0 etter å ha runda ein utrusande keeper på midtbanen og kan sette ballen i tomt mål.

Øystese er dermed på topp i 4.divisjon avd. 02, 2 poeng framfor Loddefjord.

Dagens ekstra stjerne går til paret frå Fosnavågen som hadde kjørt heile vegen for å få med seg kampen (sidan dei hadde ein sønn som speler på Ny-Krohnborg)

Neste Øystesekamp er borte mot Åsane 2 12.06 kl 19.00 i Åsane.