Både på junior og seniorlaget slit ein med mange skada keepere. Øystese sine tre juniorkeepere ; Eivind Solheim, Lars Mundheim Oma og Mathias Berge var alle uaktuelle for keeperrollen mot Nore Neset/Lysekloster. Torstein Mæland var imidlertid klar for comeback. Fine forhold, fint ver og ein fantastisk bane gjorde at alt låg til rette for ein bra kamp. Øystese stilte i ein 4-4-1-1 formasjon og Beng som vanligvis spelar back starta sin første kamp på kant. Det gjekk 7 min før det gav resultat i form av scoring. Etter eit utkast frå Torstein Mæland, som var sikker som banken i sitt comeback, storma Beng langs heile høgresida og dunka ballen i nettet. Øystese var det førande laget i heile omgangen og var nærare 2-0 enn 1-1. Blant anna hadde Adrian Solås ein kjempesjanse. Frå 20 meter dunka han ballen i innsida av stolpen og ut.

Kampbildet i 2.omgang var litt som i den fyrste. Det bølgjer litt att og fram, men me føler at me har god kontroll på kampen og kjem til fleire sjansar. 2-0 kjem etter at Adrian drar av 2 mann på kanten før han serverer på lekkert vis Beng som scorer sitt andre for dagen. Utover i kampen er det tydelig at varmen tar på både hovud og bein. Det blir større avstandar mellom lagdelane og konsentrasjonen fell. Det utnytt Nore Neset/Lysekloster og på eit unødvendig frispark scorer dei på ein retur høgt i banen. Eit fantastisk mål men veldig unødvendig for vår del. Plutselig vart det liv i kampen igjen. På 2-1 forsett me å brenna store sjansar og heldigvis klarar ikkje motstandarane å etablera det voldsomme presset før på overtid. Alt i alt ein god kamp av guttane som viser styrke og drar i land seieren nok ein gong og topper tabellen etter 5 sigrer av 5 mulige