Det vart ein skikkeleg dårleg start då Øystese j17 hadde bortekamp mot Loddefjord. Heimelaget scora i fyrste minutt og etter 5 minutt hadde dei dobla leiinga.  Men etter 15 minutt våkna Øystese og kampen forandra karakter. Fyrst reduserte Kristina Kvandal før Katrine Waage med ein flott chip utlikna. Deretter scora Monika Femsteinevik Stakseng på eit flott langskot før Elsa Lofthus Rosseland på kort tid scora eit ekte hattrick.  6-2 til Øystese og mykje flott spel som varma trenar Pedro Leitao. Etter pause so skjedde omtrent det samme som i fyrste omgang. Loddefjord scora 2 mål før Øystese våkna. Men på 4-6 kom Øystese tilbake til hektene og Kristina scora 2 nye mål slik at det vart hattrick på ho og før Monika avslutta med å sette inn 9-5 til Øystese
Det gjenstår 1 kamp for jenter 17 (mot naborival Norheimsund) og eit ubeseira j17 lag topper tabellen som du kan studere her
www.fotball.no/fotballdata/turnering/tabell/?fiksId=155230