40 minutt før avreise var det litt lite folk for å kunne stille lag i dagens B kamp. Arne Øystese som ikkje har spelt fotball på eit par år lot seg overtala til å bli med på ein herleg bortekamp på Fotlandsvåg. Det skulle vise seg å vera eit lurt valg. Tilbake til kampen. Litt rot før avreise gjorde at transporten til Osterøy vart forsinka og Øystese ankom 2 minutt før kampstart. Dette gjorde at Øystese ikkje var heilt på i starten. Men gradvis tok Øystese meir og meir over kampen. Øystese dominerte i store delar av kampen men likevel hadde heimelaget dei største sjansane.  Fotlandsvåg tok og leiinga 1-0 men Øystese gav ikkje opp. Eit fantastisk soloraid av Hans Berge 20 minutt før slutt enda med at han vart klippa ned. Sebastian Skåre tok straffeansvar og sørga for 1-1. Dette resultatet stod seg til like før slutt. Då fekk Øystese corner og på den dukker Arne Øystese opp og dunker ballen i mål på ein fantastisk volley.  Øystese avgjorde for Øystese og sørga for at alle poenga vart med heim til Hardanger. Dette var siste kamp før sommerpausen for B laget