Øystese sitt juniorlag møtte Norheimsund til lokaloppgjer i kveld. Sjølv om lokaloppgjeret vert litt utvatna når det er eit reint Framneslag utan spelarar frå Norheimsund i startoppstillinga. Øystese var best i starten og Øystein Lammedal skyter over frå 3 meters hald. Like etter nikker Andreas Henriksen Cats i stolpen. Nettkjenning vert det når Håvard Aalvik Stranden får ballen på 20 meter, fører den litt framover og skyter ned i høgre hjørnet. Fortjent 1-0 siger til heimelaget. Andre omgang tek Norheimsund meir over og dei har eit par store sjanser som Eivind Solheim i Øysteseburet tek seg av. Pga av avslutning for 10ende klassen var fleire g16 spelarar uaktuelle for å starte kampen. Avslutninga på skulen trakk ut men 10 min før slutt kom det forsterkninger i form av Aleksander Digernes og Adrian Solås. Sistnevnte trong kun 5 minutt på banen før han dobla leiinga på eit skot frå langt hald. På overtid reduserer Norheimsund då det er tellefeil på corner og heilt umarkert kan det nikkes inn i mål. 2-1 til heimelaget i ein kamp der kun prestisjen stod på spel sidan Øystese allereie var avdelingsvinnarar