Loddefjord kom til Øystese som serieleiar i dag. Vårens siste heimekamp vart eit fyrverkeri av ein kamp. Stor intensitet, mange mål, mykje godt spel, tøffe dueller og spenning til siste slutt. Allerede etter 1 minutt smalt det i dagens kamp. Loddefjord får straffe.  Morten Madsen Skeie gjer ein fantastisk redning og i angrepet etter smeller det i motsatt mål. Joao Pereira får krangla ballen med seg og frå 16 meter skrur han den i lengste eit par centimeter utanfor keepers hansker. 1-0 og stor stemning på tribunen der nærmare 200 har funne vegen til Øystese Stadion i dag. 60-70 av desse var barn på TINE fotballskule som såg att sine instruktører på banen i kamp. Like etter 1-0 kan Knut Eriksen Eide doble leiinga. Eit innlegg vert stupheada inn i nettmaskene på utsida av målet. Stor jubel på tribunen då fleire trudde den gjekk inn.  Men istaden er det Loddefjord som kjem tilbake. Loddefjords venstrekant som var eit stadig uromoment dreg seg innover og skyter frå ca 20 meter i ein fin boge over Morten og i mål. Like etter kan Loddefjord gå i leiing, då Øystese roter i forsvar men avslutning til Loddefjord går like utenfor. Rett etter roter Øystese på ny i forsvar og Loddefjord får ein gigantsjanse. Frå 3 meter skyt dei i stanga og ut. Det var nesten enklare å skyte i mål enn å få den utenfor i den situasjonen.  Midtvegs i fyrste omgang må midtstopperbauta Oddbjørn Kvarekvål strekke seg ekstra i ein duell for å nå ballen. Det medfører strekk og ut med skade.  15 år gamle Martin Fasteland må kastast til ulvane og inn i midtforsvaret. Martin går til verket uten nerver og trøkker til i duellane med langt eldre spelarar. 1-1 til pause i ein fartsfyllt kamp. Og etter pause tek kampen seg ytterlegare opp. Øystese har og måttet bytte keeper i pausen då Morten Madsen Skeie må gje seg med ryggskade. Inn til andre omgang kjem Christian Kjosås. Øystese får 2 gule kort dei to fyrste minutta i andre omgang. Fyrst får Knut Eriksen Eide eit gult kort som gjer at han må sone neste viktige kamp mot Arna Bjørnar. Deretter får Tor Erik Kjosås Berge gult kort då han feller Loddefjord sin høgre kant. På det påfølgande frisparket nikker Loddefjord inn 2-1 på bakerste stolpe.  Øystese bruker ikkje lang tid på å snu det og det er Vitor Martelo som er den som sørger for at det vert både 2-2 og 3-2.  Fyrst kjem han fri på kanten og skyter sikkert nede i høgre hjørnet til keeper. Deretter setter han sikkert inn straffen som Øystese fekk etter hands i feltet. No bølger kampen att og fram. Loddefjord nikker i tverrligger og Øystese skyter like utenfor frå god posisjon. So bommer Øystese på eit framspel som sprett over forsvaret. Loddefjord sin angriper kjem igjennom og lobber ballen videre over ein utrusande Christian Kjosås. Martin Fasteland når nesten att ballen men den går inn til 3-3. Ti minutt før slutt fell avgjerda. Øystese får frispark eit par meter inn på Loddefjord sin banehalvdel. Rune Kolltveit slår eit presist frispark på bakerste stolpe. Der stiger Tonny Tysnes opp og nikker inn foran mål og der dukker Øyvind Berge opp og kan nikke inn 4-3 frå kort hald. Ellevill jubel på tribunen og Øyvind river av seg drakta i jubelrusen noko som medfører gult kort. Dei siste 10 minuttane er det Hawaii fotball med lange baller frå Loddefjord og alle bokser med nervetabletter på tribunen går ned på høgkant. Men Øystese står løpet ut og kan feire 3 nye poeng mot eit godt Loddefjord lag