TINE fotballskule har hatt ei vellukka helg trass mykje nedbør og forholdsvis kaldt til å vera midtsommar. Kring 60 born har vore med på skulen som starta torsdag ettermiddag og vart avslutta i dag. Spelarane har rullert mellom ulike øvingar, før skulen vart avslutta sundag med kampar. Når regnet har stått på som verst, har ein også nytta Øystesehallen for øvingar. Laurdag fekk spelarane også med seg toppkampen i 4.divisjon mellom Øystese og Loddefjord. Her vart det rigga telt slik at dei kunne sitja under tak og heia på Øystese!

Nokre bilete frå øvingane på laurdag: