Som dei fleste observante tilskodarar på dei to siste heimekampane har fått med seg so har ein gammal keeperkjempe gjort comeback i blått. Morten Madsen Skeie som har fleire hundre kamper i Øystese buret bak seg er tilbake i blått.  Morten ,med over hundre kamper på A lags nivå etter han debuterte på Øystese sitt A lag som 16 åring, har vore Øystese A lag sin sisteskanse dei to siste A kampane. Fyrste kampen mot Voss leverte Morten eit par solide redninger og haldt nullen. Andre kampen mot Loddefjord varta Morten opp med strafferedning i fyrste minutt. Morten har ein veldig god statistikk på straffer i Øystese. På A lags nivå har han redda 8 av 11 straffer som Øystese har fått mot seg. Morten er også tilgjengeleg i starten av hausten men satser på ein karriere ute på banen slik at det kan og vera mogleg at han dukker opp som utespelar. Øystese ynskjer uansett Morten velkommen tilbake!