Øystese sitt g16 lag starta dagen med å møte Kvam i 16delsfinalen. Trenaren på Kvam i Gudbrandsdalen hadde aldri høyrt om Kvam i Hardanger men no kjenner dei iallefall til Øystese etter at g16 slo dei relativt enkelt. Mange sjanser i fyrste omgang men kun eit mål til Øystese. I andre omgang løsna det skikkeleg og det rant inn mål bak Kvam målvakten. Til slutt vart det 8-1 til Øystese. I 8delsfinalen i kveld møtte Øystese Skarp frå Tromsø. Skarp hadde overbevist i innledande med tre sigrer og imponerande 60-0 i målforskjell. Guttane var derfor klar over at dei møtte sterk motstand. Begge lag opna forsiktig i kampen før Skarp tok leiinga. Øystese hadde eit par sjanser til å utlikne men Skarp hold leiinga til pause. I andre omgang gira Øystese opp eit hakk og tok over meir av spelet. Mange bra sjanser blei produsert før Adrian Solås fortjent utlikna. 7 minutt før slutt er Adrian på farten igjen og gjev Øystese leiinga 2-1. Skarp skaper ikkje noko voldsomt trykk på slutten slik at Øystese tek sigeren 2-1. Dermed er Øystese klar for kvartfinale i morgon kl 10.00. Det vert nesten lokaloppgjer i kvartfinalen då Rosendal er motstander

Denne kampen kan du sjå direkte på Rosendal Turnlag sine Facebooksider