Øystese sitt g16 lag tapte 1-0 for Rosendal i kvartfinalen i Norway Cup. Muligheten for revansje var tilstede då g16 starta serien med bortekamp mot Rosendal. Med kun 12 mann på ein stor grasbane såg trenar Ole Andre Glesnes litt mørkt på det før kampstart. Ein kraftig motvind i fyrste omgang gjorde ikkje sakene betre men Øystese spelte disiplinert og tok dei overgangane som kom. På ein av dei gjev Sander Bekkesletten Øystese leiinga 1-0. Det resultatet står seg til pause. I andre omgang er det Øystese som har medvind og i det tida er ute ser det ut som det skal bli revansje for Øystese. Men på overtid utliknar Rosendal til 1-1.  Rosendal var eit godt lag slik at det var ikkje ufortjent at dei utlikna men alltid surt når det skjer på overtid