Scora fire i Samnanger

Vitor Martelo var i scoringshumør i dagens B kamp i Samnanger. Øystese stilte med ein liten tropp men kvaliteten på troppen var stor. I fyrste omgang fylte laga kvarandre. Kvar gong Vitor scora so svarte Samnanger sin kjappe spiss. Begge scora tre mål i fyrste omgang slik at  stillinga til pause var 3-3. I andre omgang tok Øystese meir over kampen og fleire meldte seg på scoringslista. Fyrst scora Sebastian Skåre etter eit flott soloraid, deretter Vitor på straffe før Andre Matos laga 6-3. Keeper Christian Kjosås og midtbanemotor Sebastian Skåre bytta plass dei siste 15 minuttane og Christian var nærme scoring men det var Mohamed Saalah som gav Øystese 7-3. Samnanger fekk nok ein redusering før dommaren blåste av slik at sluttresultatet vart 7-4 i favør av Øystese.

By | 2017-09-03T21:28:58+00:00 3. september 2017|0 kommentarer