Øystese sitt g12 lag hadde i dag besøk av Strand-Ulv. Det enda med storsiger for Øysteseguttane. Dei gav seg ikkje før dei hadde putta 10 baller i Strand-Ulv sitt mål. Strand-Ulv fekk eit trøystemål slik at sluttresultatet vart 10-1 til heimelaget. Anders Botnen, Lars Stevnebø Kaale, Emil Sundsøy og Lars Kristian Høydal scora måla for Øystese men alle på laget jobba bra og tok ein fortjent siger