B laget vann siste heimekamp

Årets siste heimekamp for B laget gjekk mot Fotlandsvåg.  Keeper Christian Kjosås var midtstopper for anledningen og viste at han i tillegg til å redde mål også kan score mål då han gav Øystese 2 leiinga 1-0.  Tre nye mål signert Andre Matos gav ein komfortabel 4-0 leiing til pause. Etter pausen klarte ikkje Øystese å score nokon fleire mål medan Fotlandsvåg fekk seg ein redusering på slutten. 4-1 til Øystese og tre poeng i siste heimekamp. Øystese 2 ligg no på andre plass på tabellen.  Leiarlaget NHH 3 kan ikkje rykke opp sidan NHH 2 allereie er i divisjonen over. Det betyr at Øystese 2 er med i kampen om opprykk før siste kamp som går på bortebane 15 oktober

By | 2017-10-01T22:10:56+00:00 2. oktober 2017|0 kommentarer