Uavgjort på Osterøy

Øystese gutar 10 spelte sin siste bortekamp i årets serie på Haus på Osterøy. På førehand var det avtalt at heimelaget Hausvik kunne stille med nokon eldre spelarar. Det vart ein underhaldande kamp som bølga att og fram. Øystese var heile tida i leiing stort sett med eit mål før Øystese-gutane kjempa seg opp til ei 4-2 leiing halvvegs ut i 2.omgang. Hausvik kom tilbake og reduserte ein gong, uroen spreidde seg og Hausvik hadde fleire farlege sjansar utan å få ballen i mål. Det vart litt panikk i forsvar for Øystese-gutane og heilt mot slutten kom utlikninga. Uansett flott innsats mot eldre og robuste Hausvik-spelarar og alt i alt eit rettferdig sluttresultat sett til 4-4. No ventar Fri i siste heimekamp etter haustferien.

By | 2017-10-05T23:15:47+00:00 6. oktober 2017|0 kommentarer