Årets eldste målscorer

I dagens B kamp vart superveteran Roger Vassnes årets hittil eldste målscorer i seriekamper for Øystese. B laget var kun 12 spelarar til dagens bortekamp mot Varegg.  Når Rune Kolltveit måtte gå av banen etter fyrste omgang for å rekke eit fly so var det ingen veg utanom for Roger enn å spele andre omgang. Øystese 2 leia 1-0 etter fyrste omgang og når Varegg klarte å få to mann utvist i andre omgang vart andre omgang kun ein transportetappe. Eine utvisninga kom etter at ein Varggspelar handsa på streken. Det gav både raudt kort og straffe til Øystese. Den satte Roger sikkert i mål. Kampen enda med ein solid 5-0 siger til Øystese 2

By | 2017-10-15T22:18:30+00:00 15. oktober 2017|0 kommentarer