1 poeng i Odda

g16 hadde årets siste bortekamp i Odda. Fangsten med heim over fjorden vart eit poeng. Kampen starta forrykande. Øystese tok leiinga ved Håvard Botnen etter 50 sekund rett frå avspark. Problemet var at Odda scora rett frå deira avspark etter målet. 1-1 før det var gått 2 minutt! Resten av omgangen var veldig rotete og prega av mange dueller. Odda pressa høgt og fekk uttelling for det midtvegs i omgangen så pausestillinga var 2-1. I pausen vart Øystese enige om å prøva å spela litt meir ball og vera meir tålmodige. Etter litt kjeft frå trenaren løsna det og gutane spelte ein god 2.omg. 2-2 målet vart også scora av Håvard Botnen. På denne stillinga bølgja kampen og det var dessverre Odda som gjekk opp til 3-2 etter ein veldig tvilsom straffe. Gutane gav ikkje opp og på ein dødball 10 min før slutt heada Øystein Lammedal inn 3-3.

No gjenstår kun ein heimekamp mot Nest Sotra for g16 laget før sesongen er over

By | 2017-10-27T22:37:05+00:00 27. oktober 2017|0 kommentarer