jenter13 spelte i dag siste seriekamp borte mot Follese. Øystese leda tabellen med 7 strake sigrer medan Follese låg på andre plass med 6 sigrer og ein uavgjort. Forutsetninga var derfor at Øystese vann avdelinga med uavgjort eller betre medan Follese måtte vinne for å bli seriemester. Kampen starta best for Follese. Heimelaget scora to mål i fyrste omgang og kunne gå til pause med ein 2-0 leiing. Med dette resultatet hadde Follesejentene seriemesterskapet i lomma. Men som Arne Scheie pleier å sei so er 2-0 ein farleg ledelse. I andre omgang snudde Øystese jentene kampen. 3 scoringer gav bortesiger og alle poenga med tilbake til Hardanger. Dermed er Øystese seriemester etter 8 strake sigrer i haust. Det betyr også at sesongen ikkje er heilt slutt sidan ein må møte andre avdelingsvinnarar til sluttspel