Øystese sitt jenter 14 avslutta sesongen seint søndags kveld med kamp mot Erdal/Ask. Sidan halve laget var på volleyballturnering på Husnes på dagen måtte det bli sein kveldskamp for å få avvikla siste seriekamp. Jentene avslutta med stil. Ein fyrste omgang som var bortimot årsbeste gav ein 5-0 leiing til pause. Andre omgang dalte litt i tempo og kvalitet. Øystese fekk ikkje fleire mål medan bortelaget fekk eit trøstemål slik at siste seriekamp for j14 enda med 5-1 siger