Øystese sine j13 som vann si avdeling møtte andre avdelingsvinnarar i sluttspelet. I kvartfinalen vart det siger etter ekstraomganger. Også semifinalen heime mot Nordhordaland (NBK) vart ein spennande affære. Øystese tok leiinga tre gonger i fyrste omgang men NBK utlikna kvar gong slik at pauseresultatet var 3-3. I andre omgang var det NBK som var i føringa. Tretti sekunder før slutt leia NBK 5-4 men siste skot på ballen i ordinær tid gav 5-5. Dermed gjekk kampen til ekstraomganger. Der var det NBK som hadde mest krefter att. To gonger fekk dei ballen i nota medan heimelaget ikkje klarte fleire mål i ekstraomgangene. 5-7 etter ekstraomganger gav finaleplass til NBK. Likefullt har Øystese sine j13 hatt ein god sesong utan tap etter fulltid i løpet av haustsesongen.