Her kjem ein oversikt over korleis Øystese sine lag gjorde det i 2017

Senior menn A lag: Hadde ein strålande sesong. Starta litt tungt med å bli slått ut av cupen i fyrste runde. I serien har A laget levert varene til dei. Etter eit par unødvendige tap var ein bak Arna Bjørnar mesteparten av sesongen. Men i dei siste kampane snudde det då Arna Bjørnar hadde eit par unødvendige poengtap slik at Øystese leia tabellen før siste runde. Arna Bjørnar måtte vinne siste kampen medan Øystese klarte seg med uavgjort. Kampen enda 1-1 og Øystese kunne derfor feire opprykk.
Trenarar i 2017 har vore Christian Kjosås og Daniel Hatland medan oppmann har vore Roger Vassnes

Senior menn B lag: Hatt ein varierande sesong med både tosifra tap og tosifra siger. På slutten når ein såg at ein kunne rykke opp mobiliserte ein litt av A lagsspelarane slik at ein vann dei fem siste kampane og rykka opp. B laget har bestått av A lagsspelarar, gamle stjernespelarar, juniorar og old boys i ein herleg blanding
Trenar og oppmann i 2017 har vore Roger Vassnes

Junior menn: Ein super vårsesong enda med opprykk og ein tung haustsesong enda med nedrykk. Juniorlaget har dei siste 5 åra veksla mellom 2 og 3 divisjon. Ein har vore for god for 3 divisjon på våren og rykka opp medan ein på hausten har vore for dårleg for 2 divisjon og rykka ned. Det har også ein del og sei at dei eldste juniorane ofte forsvinn på sommaren pga skule. Slik også i år då bærebjelkane i siste års juniorer (98 kullet) var ferdig på gymnaset og forsvann til sommaren.
Trenar i 2017 har vore Ole Andre Glesnes og oppmann Kjell Henning Berge

Junior damer: Var veldig gode på våren og blei nr 3 på tabellen. På hausten skjedde det samme som for junior menn at bærebjelkane i 98 kullet forsvann på skule då dei var ferdig med gymnaset. Dermed blei det for tungt for dei yngre som også spelte på j16 å drifte to lag og ein måtte desverre trekke laget på hausten
Trenar i 2017 har vore Pedro Leitao og oppmann Vidar Østerbø

G16: Vann si pulje på våren og rykka opp etter å ha vunne alle kampane. Hadde også ei god oppleving i Norway Cup der dei kom til kvartfinalen i A sluttspelet. Opplevde også at ein del spelarar forsvann vekk på skule etter sommeren og har hatt ein litt tyngre haust pga få spelarar
Trenar i 2017 har vore Ole Andre Glesnes og oppmann har vore Lillian Digernes

J16: Enda på 2 plass i avdelinga si og kun målforskjell gjorde at dei ikkje rykka opp. På hausten var det tyngre og ein enda på 2 plass nedanfrå. Mange av spelarane blei spelande på to lag og det vart litt for tøft
Trenar i 2017 har vore Pedro Leitao og oppmann har vore Hilde Saxsæter

J14: Enda på 3 plass på vårtabellen og 5 plass på hausttabellen. Fekk bronse i Lærum Cup i Sogndal og tok seg til A sluttspelet i Norway Cup. Har fortsatt 100% av jentene med som starta med fotball i 1 klasse
Trenarar i 2017 har vore Øivind Kristiansen og Roger Vassnes og oppmann har vore Torbjørn Eide

G14: Etter ein vårsesong midt på treet prega av at ein var litt få spelarar. Ein danna derfor eit samarbeidslag med Norheimsund etter vårsesongen der guttane har fått eit tøft møte med 1 divisjon. Men ein lærer av å møte dei beste laga
Trenarar i 2017 har vore Joao Vitor og Pedro Leitao og oppmann har vore Hilde Børven

J13: Etter å ha vunne alle kampane sine vann j13 avdelinga si og fekk spela mot andre avdelingsvinnarar. Kvartfinalen vart vunne borte mot Follese etter ekstraomganger. I semifinalen på heimebane vart det også ekstraomganger men der vart det til slutt tap mot Nordhordaland
Trenarar i 2017 har vore Joakim Lillevik og Christian Kjosås og oppmann har vore Terje Melstveit

G13: Rykka opp til 1 divisjon etter ein god vårsesong. Har i likhet med g14 fått eit tøft møte med 1 divisjon men ein lærer av å møte dei beste laga. Eit par sigrer men stort sett tap på hausten
Trenarar i 2017 har vore Trym Sandven, Andreas Henriksen Cats og Christian Kjosås og oppmann har vore Lene Huun

Barnefotball: I tillegg til ungdomsfotballlaga har Øystese stilt med fylgjande lag i barnefotballen der det ikkje er tabeller og resultatfokus: Eit g12, eit j12, eit g11, eit g10, eit j10, to g9 lag, eit j9, eit g8, eit j8 og tre mix7 lag. Frå 10 år og oppover har ein deltatt i Bergensserien medan dei under 10 år har deltatt i Hardangerserien. I tillegg har 2011 kullet starta med treningar