Treningsavgift og medlemskontigent

Alle som er aktive medlemmer av Øystese Fotball betaler treningsavgift inn til kontonummer 3633 54 21579.   Øystese Fotball forsikrer alle spelarar på trening og i kamp under forutsetning at treningsavgift er betalt. Det er derfor fint om treningsavgift vert betalt so snart som mogleg slik at du er forsikra frå dag 1.

Satsene er som følger

Born fødd i 2011 – 2006 (barnefotball)              700
Born fødd i 2005 – 1999 (ungdomsfotball)     1400
Senior                                                                       1700
Trimgjeng/Sofaslitere/Husmødre/Old Boys     700

I tillegg til treningsavgifta skal ein stå som medlem i Øystese Fotballklubb.  Dersom du ynskjer å vera med å bestemme må du vera medlem for å kunne avgje stemme på årsmøter og liknande

Gjeldande satsar:
Familiemedlemsskap :                   300 ,-
Aktiv vaksen (over 18) :                 200 ,-
Born :                                                 100,-
Støttemedlem:                                   100,-

                                                   DUGNADER

 

Alle som har born i fotballen vert kalla ut på EIN dugnad i løpet av året. Den eine dugnaden er Øystese Cup. Her vert alle frå senior til 2011 foreldre kalla ut på dugnad. Dei som spelar på Junior og seniorlag vert kalla ut som seg sjølv. På yngre born vert foreldra kalla ut. Dette er hovudinntekskilda til Øystese Fotball og derfor viktig at alle stiller. Senior har i tillegg 5 andre dugnadar sidan dei finansierer sine eigne kostnader. Dersom du er vekke Øystese Cup helga kan du få lov å stille på ein av desse dugnadane i staden for

Tidspunkt        Kva                     Kven blir kalla ut på dugnad

24 mars          Påskedans                   A lag
25-27 mai       Øystese Cup                 alle
25-28 juni        Fotballskule              A lag
13 – 15 aug    TINE fotballskule       A lag
14 August      Sommerdans               A lag
6 oktober        Siderfestival                A lag

 

GRASROTANDEL

 

Ein enkel måte å støtte Øystese Fotballklubb er ved å knytte sin grasrotandel til Øystese Fotballklubb. Dette koster ingenting. Det einaste du treng gjera er å sende ein SMS til 2020 der du skriv; Grasrotandelen 919504897
GJER DETTE I DAG!

 

Styret i Øystese fotball

By | 2018-01-15T14:44:41+00:00 15. januar 2018|0 kommentarer