NFF overgår seg sjølv i kreativitet og set Øystese opp mot Odda i fyrste kvalikkamp til NM. Øystese har vore kvalifisert for NM kvalik dei siste 10 åra. På desse 10 åra har NFF satt opp Odda som fyrste kvalikmotstander 4 gonger. To av desse 10 åra var ikkje Odda aktuell motstander. Eit år fordi dei var direkte kvalifisert som 2 div lag og eit år fordi dei ikkje var kvalifisert som 4 div lag. Det betyr at Odda har blitt satt opp mot Øystese i 50% av mulige gonger.  I tillegg virker det som Odda kjem fyrst i alfabetet då ingen av desse kampane har gått i Øystese. På den positive sida er statistikken på Øystese si side då Øystese har vunne 3 av 4 av desse kvalikkampane.

Kampane skal avviklast 21 mars og heile oppsettet finn du her

https://www.fotball.no/turneringer/nm-menn/2018/nm-menn-slik-spilles-forste-kvalifiseringsrunde/