Årets fyrste treningskamp gjekk av stabelen innandørs i Sotra Arena. Os som rykka ned frå 3 til 4 divisjon i fjor og dermed bytta divisjon med Øystese var motstander. Etter ein jevn fyrsteomgang tok kreftene til Øystese slutt slik at Os dominerte 2 omgang. Etter eit par minutt av 2 omgang tok Os leiinga på eit flott mål i krysset. Sebastian Skåre kunne utlikna like etter men skotet gjekk i tverrligger og ut. Resten av omgangen dominerte Os og scora tre nye mål slik at det vart 4-0 til gultrøyene.

Her kan du lese kva lokalavisa på Os skriv om kampen

http://www.midtsiden.no/limte-ballen-i-kryssen