Bjørnar Skjelvan debuterte på Øystese sitt A lag for 10 år sidan i 2008 som 17 åring. Året etter i 2009 blei Bjørnar årets unge spelar i Øystese. Bjørnar har spelt både 7,6,5,4 og 3 divisjonsfotball for Øystese stort sett som midtstopper men han har og kamper i 3 divisjon som keeper. Dei siste åra har utdanning gjort at Bjørnar har spelt for Tromsøstudentene og Sjarmtrollan. No er han imidlertid på veg heim for å spele i blått att. Webredaksjonen har fått eit par ord med Skjelvan

1 – Kvifor kjem du tilbake til Øystese no ?
Det har dukka opp ein mulighet for å få seg litt jobberfaring på CVen ved Cowi i Norheimsund, og då det er litt i lengste laget å pendle til Tromsø for å spele 5.div vart valget om å melde overgang tilbake til Øystese relativt enkelt.

2 – Kva er ditt beste minne i blått ?
Det er så mange gode minner at det er vanskelig å velge, men å slå Norheimsund foran eit fullsatt Norheimsund stadion smakte fryktelig godt.

3 – Har du nokon målsetning på banen ?
Først og fremst å holde meg skadefri, samt bidra med tosifra antall scoringer.

4 – Kjem du til å score fleire mål enn Arild Hammer i 2018 ?
Trur det blir hardt. Ryktene skal ha det til at høgreslegga til Arild for ein gongs skuld er fininnstilt før sesongstart.

Øystese Fotball ynskjer Bjørnar velkommen heim og lykke til på banen i 2018!