Generalprøven for fyrste offisielle kamp gjekk mot Sandviken. Fyrste omgang var jevn men Sandviken scora omgangens einaste mål. I andre omgang var det og jevnt til dei siste femten minutta. Om det var konsentrasjonssvikt eller kreftene som tok slutt er uvisst. Uansett gjekk rullegardina ned og Sandviken scora ytterlegare 3 mål. 4-0 og greit tap mot eit lag divisjonen under var ikkje det ein satsa på i generalprøven. Men ein får satse på at det ligg noko i det gamle ordtaket om at ein dårleg generalprøve gjev ein god premiere