Odda borte var fyrste hinder for Øystese på vegen mot Ullevål. Ein kraftig motvind gjorde at Øystese sleit med å etablere noko spel i fyrste omgang. Keeperen til Odda var knapt nok borte i ballen i fyrste omgang. I andre omgang var det Øystese som hadde vinden i ryggen. Dermed var mesteparten av spelet på Odda sin banehalvdel. Til tross for store sjanser til begge lag (me talde totalt 10 skot i tverrligger/stolpe) klarte ingen å få ballen i mål. Odda klarte riktignok å score i fyrste omgang men det målet blei annulert for offside. 0-0 ved full tid gav ekstraomganger. Der skulle det vise seg at leiligheten i Fitjadalsvegen 39A avgjorde kampen. Sambuarane Matias Møvik og Tonny Tysnes sørga for 1-0 til Øystese. Innlegg frå Matias vart nikka kontant inn av Tonny. Odda hadde nokon store sjanser på slutten men Øystese rei av stormen og er klar for neste runde i NM.

Lokalavisa i Odda; Hardanger Folkeblad sendte kampen live. Og spanderer du fem vel anvendte kroner til eit abbonement der kan du sjå heile kampen som ligg på deira heimesider

https://www.hardanger-folkeblad.no/nyhende/odda/fotball/odda-fk-tapte-etter-ekstraomganger-i-hoydramatisk-cupoppgjor/s/5-22-119745