Øystese serieopna i Norsk Tipping-ligaen i dag. Motstander var opprykksfavoritten Fyllingsdalen. Og det tok ikkje lang tid før Øystese møtte realitetene i 3 divisjon. Fyllingsdalen tok avspark og Øystese var ikkje borti ballen før den låg i nettet bak keeper Henrik Mjelva. Etter sjokkstarten kom Øystese meir med men på nok eit ugunstig tidspunkt dobler bortelaget. Like før pause vert det 2-0. Øystese sitt håp om poeng blir drept like etter pause. Etter kort tid står det 0-3. Deretter vert det ein transportetappe for eit solid Fyllingsdalen. Dei får nok ein scoring mot slutten og vinn fortjent 4-0. Øystese må opp nokon hakk til neste kamp som er borte mot Stord