To på rad for j15

j15 starta sesongen med å vinna 2-1 på heimebane. Andre serierunde gjekk på bortebane i Granvin mot Ulvik. Også andre serierunde enda med tre poeng til Øystese sitt jenter 15 lag. Godt spel frå heile laget gjorde at kampen enda 6-1 til bortelaget. Fire forskjellige målscorarar; Ingvild Lilletveit Kvåle, Emma Kristiansen (2), Fredrikke Rasmussen og Ronja Garen (2) var dei som sørga for nettsus.

By | 2018-05-03T22:04:51+00:00 3. mai 2018|0 kommentarer