Ein del tunge forfall for Øystese i dagens kamp men når nokon ikkje kan betyr det at nokon andre får sjansen. Svært unge Truls Joensen debuterte på seniornivå i dagens kamp. Truls (fødd i 2003) starta kampen og viste svært gode takter på banen.  Sogndal 2 stilte solid i dagens kamp med 7 spelarar frå A troppen. Det var likefullt Øystese som kontrollerte kampen dei fyrste 75 minuttane. 2 tidlege dødballmål sørga for at Øystese såg ut til å gå mot ein solid bortesiger. Fyrst er det Øyvind Berge som etter 10 minutt pirker inn ein corner mellom beina på Christian Haug i Sogndalburet. Ikkje heilt patent av den tidlegare Manchester City keeperen ved den anledningen. Deretter dobler Preben Skorpen leiinga ti minutt etter på ny corner. Denne gongen gongen går ballen på bakerste der Preben kan breiside den inn. I pausen set Sogndal inn tidlegare Oddspiss Sigurd Hauso Haugen. Han avgjer kampen i Sogndals favør i sluttminuttane. I det 77 minutt får Sogndal straffe etter ein litt klønete felling i Øystese sitt forsvar. Henrik Mjelva redder straffen men på returen er Hauso Haugen fyrst og gjev Sogndal håp. 5 minutt etter utlikner han etter fint spel på kanten. Og 3 min etter det igjen sikrer han at alle poenga vert i saftbygda. Surt tap for Øystese og det tetter seg til i nedrykkssumpen

Dette skriv Sogn Avis om kampen. http://www.sognavis.no/siste-nytt/sport/snudde-kampen-med-ekte-hat-trick-p-ni–minutt