Juniorlaget hadde siste vårkampen i dag (sidan kampen mot Norheimsund vart framskunda) Arna/Bjørnar var motstander. Det viste seg fort at Øystese var eit betre lag.  Simon Høyland sikra med sine to scoringer for at Øystese leda 2-0 til pause. Etter pause fortsatte Øystese å dominere kampen. Heimvendte Morten Øyri gjekk frå eigen banehalvdel og måtte stoppas på ulovleg vis då han var komen innanfor 16 meteren. Det heiter seg at den som blir felt ikkje bør ta straffen sjølv. Det var iallefall tilfellet i dag då Morten både skaut utanfor og pådrog seg strekk i skuddet. Øystein Lammedal aukar til 3-0 på eit skot frå ca 15 meter.  Saalah Mohamed Saalah spring gjennom forsvaret til Arna Bjørnar og når keeper ikkje rykker ut kan han nesten springe ballen heilt inn i mål. Saalah skyt frå 1 meter og gjev Øystese 4-0. Håvard Botnen sørger for at heimelaget vinn 5-0 like før slutt. Dermed sjette sigeren på rad for Øystese sitt juniorlag