TINE fotballskule til helga

For 21. året på rad arrangerer Øystese Fotball TINE fotballskule. I år er det 10-12 august som er tidspunktet for den årlege TINE fotballskulen i Øystese. Øystese Fotball ynskjer fotballglade born frå 6 til 13 år frå heile Hardanger velkommen til TINE fotballskule. Det vert tre dagar med fotballmoro, forskjellige øvelser, konkurranser, kamper, turnering m.m I tillegg får alle sjølvsagt mat og drikke samt utstyr frå TINE (sekk og t-skjorte). Det vert grillmat laurdag medan det vert brødmat og frukt samt drikkeprodukter frå TINE fredag og søndag.  Tidspunkta er 17-19 på fredag og 10-16 på laurdag og søndag

Det er A lags spelarane og A lags trenarane samt ein del andre kompetente fotballtrenarar som er instruktører ved TINE fotballskule i Øystese. Dei gledar seg til å jobbe med fremtidige stjernespelarar. Kostnad er 600 pr born. For påmelding og meir info sender du mail til post@oystesefotball.no

Øystese Fotball ynskjer DEG velkommen til tre dagar med fotballmoro i Øystese!

Telenor Xtra Fotball Fritidsordning vurderer å ha opent på dagtid dei tre dagane før skulestart. Dvs 13,14 og 15 august. Om dette er aktuelt for din gut/jente so gjev du ein lyd på post@oystesefotball.no om det også

 

By | 2018-08-06T19:30:45+00:00 6. august 2018|0 kommentarer