Øystese sitt g13 lag møtte i dag Løv-Ham til siste kamp i vårsesongen. Jevnspelt fyrste omgang der Øystese var effektive og leda 1-3 til pause. Mål av Lars Kristian Høydal (x2) og Anders Botnen. I andre omg tok Øystese grep og gjekk opp til 1-4 ved Naod Aklilu. Men så slapp dei grepet litt og Løv-Ham kom inn i kampen med 2 scoringer. Då begynte da å bli spennande før Anders Botnen beroliga foreldre og trenar med eit flott frispark frå langt hold slik at det blei 3-5. Even Tjosaas punktere kampen like før slutt med 3-6 og fortjent Øystese seier. Sigeren betyr og at Øystese vinn avdelinga og g13 rykker opp til hausten der det då vert enda tøffare motstand