Uttale til arealplanen


Øystese Fotballklubb har i lag med Øystese idrettslag, Øystese Næringslag, Øystese Grendautval, Øystese kvinne og familielag, Øystese Pensjonistlag, FAU ved Øystese barneskule og FAU ved Kvam ungdomsskule levert fylgjande innspel til arealplanen:

 

Hovudmålet for kommunedelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv seier:   «I Kvam skal me ha lokalmiljø som inviterer til og legg til rette for dagleg fysisk aktivitet for alle»

Dersom dette skal vera meir enn fagre ord på eit papir lyt Kvam Herad tilretteleggje for dei som ynskjer å lage til aktivitetstilbod i lokalmiljøet.  I Øystese er det no minimalt med områder der ein kan videreutvikle den aktiviteten som finnes i dag eller tilrettelegge for ny aktivitet.

Mange lag og organisasjoner har tidlegare peikt på at Busdalen er eit sentrumsnært område som eignar seg for idrettsformål. Korte avstander til barneskule, ungdomsskule, barnehage og gymnas gjer at beliggenheten er ideell. Viser til innspel 27.03.2018 og innspel 04.02.2017

Øystese Idrettslag ynskjer å lage til nye aktiviteter. Friidrettsgruppa ligg heilt brakk. Øystese Idrettslag ynskjer derfor eit areal ein kan begynne å planlegge aktiviteter på samt sjå på muligheten for å få til øvingsareal for friidrett for å auke rekrutteringa til ein aktivitet som no ligg heilt brakk. Andre aktiviteter kan og bli aktuelt

Øystese Fotballklubb har stor aktivitet. 350 fotballspelarar og 25 lag. 10 av desse laga får ikkje trene so mykje som dei vil. 10 lag ber om meir treningstid men ynskjet kan ikkje bli innfridd pga sprengt kapasitet. Øystese Fotballklubb ynskjer også å utvide Øystese Cup som er eit positivt innslag for næringslaget i Kvam. Samtidig er det slik at Øystese er det einaste laget i norsk 3 divisjon utan eigen bane og eige klubbhus

Øystese Grendautvalg, Øystese kvinne og familielag samt Øystese Pensjonistlag ynskjer meir aktivitet i bygda. Samlingsplasser for fysisk fostring er ypperleg for dette

Øystese Næringslag ynskjer at området vert regulert til idrett slik at ein kan få meir aktivitet innanfor idrett. Meir aktivitet i idrett gjev og meir aktivitet for næring. Dette ser ein blant anna under Øystese Cup helga. Den helga er det rekordomsetning på butikker og alle utleiere av rom (hytter,hotell,camping) i Kvam er fullbooka.

FAU ved Øystese Barneskule og FAU ved Kvam ungdomsskule er svært positiv til fleire aktivitetsområder i nærområdet. Ynskjer fokus på lavterskel tilbod og at Busdalen vert regulert til idrett

Med venleg helsing
Øystese Idrettslag
Øystese Fotballklubb
Øystese Næringslag
Øystese Grendautvalg
Øystese Pensjonistlag
Øystese Kvinne og Familielag
FAU Øystese Barneskule
FAU Kvam Ungdomsskule

 

So får me håpe at politikere og administrasjon er på linje med innbyggere, foreininger og lag i denne saken

By | 2018-06-30T12:25:28+00:00 30. juni 2018|0 kommentarer