Jenter 15 var denne veka på Norway Cup. Fyrste kampen mot Vindafjord vart sendt direkte TV2. Desverre for tre av jentene til Øystese vart flyet kansellert og dei gjekk glipp av TV2 kampen. Jentene som fekk med seg kampen tok leiinga 1-0 men tapte til slutt 3-1 i ein jevn kamp. Etter nok eit tap mot Gjelleråsen vart det siger 4-1 mot Gruner. Ein enda då som nr tre i pulja og fekk walk over i 1/16 dels finalen i B sluttspelet. I 1/8 delsfinalen møtte ein KFUM Oslo. No var jentene blitt varm i trøya og leverte ein veldig god kamp. Øystese vant fortjent 3-0 i den kampen. I kvartfinalen venta enda sterkare motstand. Oppegård med 4 kretslagsspelere (i ein større krets enn Hordaland) viste seg som eit meget godt lag. Men i denne kampen leverte Øystesejentene årsbeste og kjempa eit betre lag ut av stilen. Eit mål i kvart omgang sørga for at Øystese vann 2-0 og var klar for semifinale. I semien var Vind/Vardal/Gjøvik-Lyn motstander. Dette er eit samarbeid for jenter blant klubbene i Gjøvik. Laget var ikkje noko betre enn Oppegård men no var kreftene til Øystesejentene slutt. Der det kanskje var årsbeste i kvarten var det ikkje langt frå årsverste i semien. Vind/Vardal/Gjøvik-Lyn vann fortjent 3-0 og vant og finalen neste dag