Slo Stord på heimebane

Øystese har ein meget bra statistikk mot Stord. Øystese har aldri tapt for Stord i offisiell kamp i serie eller cup. Den statistikken står seg fortsatt etter dagens kamp! Premissene før kamp var at begge lag var i desperat poengnaud og MÅTTE vinne for å ikkje havne for langt bak sikker plass. Dagens kamp starta på best mogleg måte. Kampens fyrste Øystesesjanse enda med scoring. Ein lang ball i bakrommet frå Preben Skorpen sendte junior Fabian Bødtker åleine med keeper. Fabian set ballen sikkert i mål bak ein utrusande keeper. Øystese var best i starten av omgangen medan Stord tok meir over på slutten av omgangen. Øystese starta andre omgang med å forære Stord ein straffe. Klønete forsvarspel og felling av ein Stord angriper omgitt av tre fire spelarar. Jonas Tungeland set den ein meter utanfor. Tungeland som kom frå Vard Haugesund før sesongen var forøvrig ein av Stords beste spelarar og skapte mykje problem for Øystese sitt forsvar. Fabian skapte på motsatt side mykje problem for Stord sitt forsvar. 2-0 målet skaper Fabian heilt på egenhånd. Han kjører karusell med rutinerte Tore Kannelønning i Stord sitt forsvar før han finter ut keeper og set ballen i tomt bur. Øystese kontrollerer kampen på slutten men klarer å gjera det spennende då dei slepp Stord inn i kampen to min før slutt. Eit innlegg vert sett kontant inn frå to meters hald. Dei siste to minuttane pluss fem minutt overtid prøver Stord å få ei utlikning. Øystese held imidlertid unna og tek tre veldig viktige poeng. Det er imidlertid 11 cupfinaler igjen utover ein lang haust

By | 2018-08-11T22:33:49+00:00 11. august 2018|0 kommentarer