Øystese møtte i dag Førde til viktig kamp i botnstriden. Ingen av laga hadde råd til å tape denne kampen. I forkant av kampen har det vore dramatikk i kulissene i Førde løpet av veka. A lagstrenar Bjørn Totland var fjerna frå A laget og satt ned på g16 laget. Tidlegare Førdespelar Gisle Isene var henta inn som ny A lagstrenar. Samtidig var det henta inn eit par nye spelarar. Spissen Badr Rahhaoui var henta frå Hødd for å scora måla som Førde treng når superspiss Øystein Myrkjaskog er skada. Desverre for Førde skada Badr seg på trening før kamp. Eit forferdeleg regnvær samt kraftig vind gjorde ikkje dagens kamp til nokon publikumsmagnet. Heile fyrste omgang bestod stort sett av klareringer i hytt og pine og minimalt med sjanser før det tok seg opp dei tre siste minutta. Tre minutt før pause klarerer Knut Eriksen ein ball. Denne bommer ein Førde spelar på og den dett då ned i beina til Fabian Bødtker som ikkje let seg be to gonger men set kontant inn 1-0 til Øystese. Eit minutt etter utliknar Førde. Ruben Holsæter set inn eit innlegg frå kort hald. Eit minutt til og dommeren bles for pause. Litt mindre regn i andre omgang og litt meir spel. Førde tek leiinga på eit fint skot frå 16 meter. Deretter har dei sjanse til å punktere kampen då Øystese serverer ein farleg tversover som Holsæter snapper. Han dribler av to mann og kjem åleine med keeper. Frå tre meter fyrer han til i tverrligger og ned på streken. På returen skal Førdes andre spiss Kim Vik berre nikke den inn i tomt mål men Øystese får blokkert i siste sekund. I staden er det Øystese som utliknar. På ein fint innlegg frå Jens Aase stupheader Fridtjof Kahrs inn 2-2. På slutten kan Øystese ta alle poenga då Jens Aase er åleine på fire meter men han sklir litt i avslutninga og ballen går like over. Dermed ender det 2-2 noko som ingen av laga er fornøgd med

Dette skriv Firda om kampen

https://www.firda.no/sport/forde/fotball/forde-har-ikkje-tapt-heime-mot-oystese-i-3-divisjon-pa-17-ar-held-den-statistikken-i-dag/s/5-15-645098