God start på haustsesongen for jentelaga

Øystese sine jentelag har hatt ein god start på haustsesongen

Jenter 19 starta borte mot Sotra. Etter ein meget god fyrste omgang leia Øystese 3-1 etter mål av Monika Femsteinevik Stakseng, Katrine Waage og Dordi Grindhaug. Sidan det ikkje vart nokon mål i andre omgang kunne Øystese ta alle tre poenga med seg heim til Hardanger

Jenter 15 starta borte mot eit sterkt Fyllingsdalenlag.  Øystese tok leiinga ved Andrea Håland før Fyllingsdalen snudde kampen til 2-1. Øystese henta likevel med seg heim poeng då Emma Kristiansen sørga for 2-2 rett før slutt etter godt samarbeid med Ronja Garen. Jenter 15 med ny kamp tre dager etter. Denne gong på heimebane mot Osterøy. Solid heimesiger til Øystese med 5-0 etter mål av Marta Mo, Camilla Hellingsrud, Ingvild Lillevtveit Kvåle og Emma Kristiansen (2) og jenter15 topper dermed tabellen

 

Jenter 14 starta med ein vanskleg bortekamp mot Gneist. Ein kamp Øystese styrte frå start til mål enda med 1-0 til bortelaget etter scoring av Camilla Hellingsrud og alle poenga med heim til Hardanger

 

Jenter 13 fekk det enkelt når dei starta med bortekamp i Knarvik. Nordhordaland Ballklubb blei slått heile 9-0 etter mål av Linnea Stryker-Vassnes (6), Thea Fykse (2) og Anette Børve Steinstø. Jenter 13 med ny kamp i dag mot Varegg og også i dag vart det klar siger. Dennne gong 5-1 etter mål av Pia Fagerbakke Skeie, Linnea Stryker-Vassnes (3) og Alva Bjørke Eide

 

Ein kan i tillegg nemne at Jenter 11 har starta hausten med å vinne 9-4 over Njardar Tysnes og 10-5 over Sædalen mens Jenter 10 vann 8-3 borte over Eikelandsfjorden i fyrste haustkamp.

Jentelaga i Øystese har dermed fått ein pangstart på hausten og det er ikkje usannsynleg at fleire av desse laga kan vinne sin serie

By | 2018-08-26T18:02:36+00:00 26. august 2018|0 kommentarer