Forventningane om at Øystese skulle ta med seg noko heim frå Stavanger var små. Viking 2 er det laget i Norsk Tipping ligaen avd 4 som har scora mest mål og når då Øystese fekk sin keeper skada i forrige kamp kunne ein forvente mange baklengs. Keeper Eystein Meese som ikkje har stått ein seriekamp på over eit år tok utfordringa om å stoppe Viking sine angriparar. I motsatt ende av banen har Øystese for tida manko på spisser. Dei tre som var spiss i vår har alle av forskjellige årsaker ikkje dukka opp i haust. Nødløysinga med junior Fabian Bødtker har fungert bra og han har levert fleire avgjerande mål. Desverre for Øystese meldte Fabian overgang til Os før kampen mot Viking 2. Det betyr at om ein ikkje får inn nokon før overgangsvinduet stenger 10 september må Øystese fullføre sesongen uten ein rein spiss. Heldigvis har Øysteses forsvarsspelarar som veit kvar målet står.  Det fortel mykje om situasjonen at midtstopper Knut Eriksen Eide er lagets toppscorer. Det var heller ingen stor tropp som satte turen mot Stavanger. Per Erik Kvåle og Runar Kvåle som bur i Stavanger vart kalla inn som reserver. Per Erik har ikkje spelt for Øystese sidan 2008 (juniorkamp borte mot Valestrand/Hjellvik) Sjølv om Viking 2 hadde ballen i ca 70% av tida under kampen var det omtrent likt i målsjanser. Når Aleksander Andersen bestemmer seg for å score sitt fyrste seriemål på fem år veit du at alt kan skje. Han fører Øystese opp i 1-0 like før pause. Like etter vert kaptein Sebastian Skåre skada og med han ute på sidelinja utliknar Viking til 1-1 på overtid av fyrste omgang. Kampbildet fortset i andre omgang. Viking har mykje ball medan Øystese er farlege på overganger. I andre omgang er det Øystese som har dei største sjansene og det er ikkje ufortjent at toppscorer Knut Eriksen Eide nikker inn 2-1 på corner. Kort tid etter får Øystese straffe og der er Jens Aase like sikker som sist helg. 3-1 og tjue minutt att. På slutten vert det eit massivt Viking trykk men det resulterer ikkje i noko meir enn ein straffe på overtid. Pereira er sikker for Viking 2 slik at sluttresultatet vert 2-3.  Tre uhyre viktige poeng med heim til Hardanger for Øystese