Vardeneset var motstander for A laget på lørdag. Akkurat som i sist seriekamp kom ein fryktleg skeivt ut av startblokka. På Vardeneset sine to fyrste avslutninger på mål vart det to scoringer. Fyrste scoringa starter med enkel pasningsfeil i bakre ledd der me upressa gjev Vardeneset kast før ein deretter upressa gjev dei corner og deretter lar umarkert mann nikke inn 1-0. 2-0 kom etter 7 minutter og når Øystese deretter lagar eit komisk sjølvmål etter 30 minutt var ramma for kampen satt. Ein høg klarering spretter eit par meter utanfor Øystese sin 16 meter. Nærmaste Vardeneset spelarar er 30 meter frå ballen. Divaldo Cardoso står på 16 meter og nikker ballen bakover, over ein utrusande Henrik Mjelva. Jens Aase set inn eit frispark frå ca 20 meter og gjev Øystese eit ørlite håp om å snu kampen. Men like før pause aukar Vardenset til 4-1 og tek knekken på håpet. Øystese prøver å mobilisere etter pause og har kontroll på mesteparten av spelet men det hjelper ikkje noko når Vardeneset scorer på sin fyrste sjanse også i andre omgang. Resten av omgangen blir eit Øystesepress avbrutt av eit par farlege Vardeneset kontringer. Øystese er langt frå like effektive som Vardeneset og får berre ein redusering slik at sluttresultatet vert 2-5.
Det begynner no å brenne eit blått lys for Øystese sin fortsatte eksistens i 3 divisjon. Med eit knalltøft kampprogram framover der ein møter fleire av dei beste laga i serien må ein verkleg brette opp armene for å krige seg til nokon poeng dei neste kampane