Lørdag kl 16.00 spelar Øystese sitt A lag ein viktig heimekamp mot Sogndal 2.  Øystese ligg akkurat klar av nedrykksstreken på betre målforskjell enn Tertnes. To poeng foran Øystese ligg Sogndal 2.  Øystese kan derfor distansere Sogndal 2 med siger på lørdag men i motsatt fall vil plutselig Sogndal 2 vera fem poeng foran. Øystese har mange av dei tøffaste opprykkskandidatane att i dei neste rundane slik at siger i denne kampen vil vera svært viktig.  På karantenefronten er det ingen på Øystese som må sone denne helga. Keeper Henrik Mjelva er fortsatt skada men har rapportert at han stiller på trening på mandag. Sist Sogndal var på besøk var det A laget som gjesta oss i 1 runde i cupen. Då var det god stemning i 70 minutt etter at Jens Aase gav Øystese leiinga. Men dei siste 20 vart presset for stort og Sogndal gjekk vidare med 4-1 siger. Alltid spennande å sjå kor mange fyrstelagsspelarar eit 2er lag har med seg. Då Øystese gjesta Fosshaugane Campus i vår stilte Sogndal 2 med heile 7 mann frå A stallen. Øystese tok leiinga 2-0 etter to cornermål av Øyvind Berge og Preben Skorpen men Sogndal A lag sin desiderte toppscorer Sigurd Hauso Haugen snudde kampen med tre mål. Det siste på overtid. Hauso Haugen får heldigvis ikkje anledning til å avgjere kampen på lørdag då han starta for Sogndal sitt A lag i forrige kamp. Uansett kven som stiller so treng Øystese hjelp frå tribunen! Møt opp på lørdag kl 16.00 og hjelp Øystese i kampen om poeng!