Øystese tapte den viktige nedrykkskampen mot Sogndal 2. Men det var ikkje utan dramatikk i ein kamp Øystese kunne vunnet om marginane hadde vore på heimelaget si side. Sogndal 2 tok leiinga etter ein corner. To avslutninger frå kort hald vart redda men tredje skuddet gjekk i mål. Sogndal var nærme 2-0 då eit skot treff undersida av tverrligger og ned på streken. Desverre for Sogndal var det ikkje noko måleteknologi som kunne avgjere om ballen var inne. Like etter er det Øystese som treff treverket. Skuddet frå seks meters hald treff stolpen og ut igjen. Øystese kjem til fleire gode sjanser men klarer ikkje å omsette dei i noko fornuftig. Når dei offensive spelarane er vaksinert mot å score er det bra at toppscorer og høgre back Knut Eriksen Eide tek ansvar. Etter ein corner dett ballen ned i beina hans og han skyt ballen i mål. Minuttet etter tek Sogndal leiinga på ny. Øystese får ikkje klarert og Akor Jerome Adams får skyte frå femten meter. Ballen fyk inn nede i hjørnet. Nigerianske Adams var forøvrig banens beste og var vanskleg å få tak på. Stor, sterk og meget rask samt gode avslutningsegenskaper gjer at Eirik Bakke bør vurdere han på fyrstelaget. I det 70 minutt tek det fyr i kampen. Sogndal sin forsvarer redder eit skudd med hånda på streken. Straffe og gult kort. Sidan han hadde gult frå før måtte han av banen og Øystese kunne avslutte med ein mann meir enn Sogndal. Straffen set Jens Aase til høgre men keeper går og til høgre og redder. To minutt seinare vert Jens Aase felt i 16 meteren og ny straffe til Øystese! Sebastian Skåre set straffen til venstre men keeperen går også til venstre. To strafferedninger på to minutt! Sogndal sin reservekeeper Rutlin leverer og ein god søknad om speletid på A laget. Øystese kaster innpå seks friske bein i form av Lars Henrik Hellingsrud , Øyvind Berge og Mathias Møvik. Øystese presser bra på slutten men oppnår kun at Sogndal punkterer kampen. På ein corner er alle Øystese sine spelarar oppe i feltet inklusiv keeper. Sogndal får klarert og når Øystese mister returen på Sogndal sin banehalvdel er det fri bane for Jerome Adams som kan sette ballen i tomt bur. 3-1 til Sogndal og ingen poeng til Øystese i dag