Tap mot Fana

Katastrofal start på dagens kamp på Nesttun Idrettsplass. Fana scora på sine to fyrste sjanser. Øystese prøvde å svare men når Fana i tillegg fekk straffe før halvtimen såg det mørkt ut. Vossing og tidlegare Sogndalspelar Simen Brekkhus satte straffen sikkert i mål til 3-0. Øystese kom betre i gong i andre omgang og kom til fleire gode sjanser men avslutningene vart for enkle for Ådne Nissestad i Fanaburet. Heilt på tampen av andre omgang punkterer Henrik Udahl kampen med to mål. Den tidlegare Vålerengaspelaren liker å spela mot Øystese. 3 mål i dag og 4 mål sist han møtte Øystese. I og med at Stord vann sin kamp i dag er det no tre lag på 20 poeng som kjemper om ein plass i neste års tredje divisjon

By | 2018-09-15T22:45:10+00:00 15. september 2018|0 kommentarer