Til topps på tabellen

Jenter 14 som er ubeseira i haust møtte i kveld Nymark på bortebane. I øsende regnvær tok jentene frå Øystese initiativet i kampen. Det var derfor ikkje ufortjent at Linnea Stryker-Vassnes gav Øystese leiinga 1-0. Etter ein merkleg episode ser det ut som Nymark utliknar. Frå dødlinja nede med cornerflagget ser det ut som Nymark scorer frå ein omtrent umuleg vinkel. Så viser det seg at vinkelen ikkje er so umuleg likevel då Øystese sitt mål er plassert ein meter bak kvite stripa! Breddefotball på sitt beste. Dommer stopper kampen og målet vert dratt fram og plassert på riktig plass. Målet vert ikkje godkjent men like etter får Nymark eit mål som vert godkjent. Nymarks gode midtbanespelar går frå egen banehalvdel heilt ned til fem meter før ho legg ballen til ein bedre plassert lagvenninne som kontant kan sette den i mål. Laga går til pause på 1-1 men Øystesejentene er fast bestemt på å ta alle poenga med seg heim til Hardanger. I andre omgang avgjer Camilla Hellingsrud kampen. Fyrst er ho veldig nærme då ho skyt i tverrligger frå ca tjue meter. Deretter vert Camilla felt eit par meter utanfor 16 meteren. Ho tek sjølv frisparket som går inn heilt oppe under tverrligger. Resten av kampen forsvarer Øystese seg godt og har og eit par gode sjanser til å auke leiinga. Men det blir ikkje fleire mål og alle poenga tek Øystese med seg heimatt.

Tabellen der Øystese topper ser slik ut

https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/hjem/?fiksId=162474

By | 2018-09-21T09:08:27+00:00 21. september 2018|0 kommentarer