Folkemøte i Holmatun onsdag 26 september kl 19.00

Hovudmålet for Kvam sin kommunedelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv seier:   «I Kvam skal me ha lokalmiljø som inviterer til og legg til rette for dagleg fysisk aktivitet for alle»

Dersom dette skal vera meir enn fagre ord på eit papir lyt Kvam Herad tilretteleggje for dei som ynskjer å lage til aktivitetstilbod i lokalmiljøet.  I Øystese er det no minimalt med/ingen områder der ein kan videreutvikle den aktiviteten som finnes i dag eller tilrettelegge for ny aktivitet. Får ein ikkje satt av nokon områder til idrett og aktivitet i den nye arealplanen er det sannsynlegvis 30 år før ein kan lage noko nytt

Mange lag og organisasjoner har tidlegare peikt på at Busdalen er eit sentrumsnært område som eignar seg for idrettsformål. Korte avstander til barneskule, ungdomsskule, barnehage og gymnas gjer at beliggenheten er ideell.

Møt derfor opp på folkemøte onsdag kl 19.00 for å sette fokus på at Busdalen bør regulerast til idrett

By | 2018-09-23T20:31:54+00:00 23. september 2018|0 kommentarer