Sterk bortesiger

Øystese med tre strake tap og 13 baklengs på dei tre kampane var langt frå favoritt til dagens bortekamp. Når i tillegg motstander var Brann 2 som bortsett frå borte mot Lysekloster er ubeseira i haust var oddsen på bortesiger høg. Øystese med liten tropp men Øystese har vist seg best med få spelarar klare til kamp.
Kampen begynte med eit øystese lag som ikkje klarte å pressa høgt som planlagt. Brann skapte eit par halvsjanser dei fyrste 10 min. Ungguttene til Brann som drømmer om meir speletid på Brann Stadion spring betydeleg meir enn bortelaget og det ser ut til å bli ein lang ettermiddag for dei blå. Men so finn Øystese ut korleis dei skal forsvare seg og kriger seg meir og meir inn i kampen.
Det er derfor ikkje ufortjent at bortelaget tek leiinga etter 20 minutter. Innlegget fra venstre går gjennom feltet til nytt innlegg frå høgre der Preben Skorpen kan sette inn 1-0 med feil fot. Fem minutt senere dobler Knut Eriksen Eide leiinga. Frispark frå omtrent midten vert nikka inn i krysset med bakhodet frå 14 m.  0-2 står seg til pause. Øystese sitt i garderoben og veit det blir tøfft når ungutta til Brann kan løpe i 90+, mens Øystese går tom etter 70. Heldigvis får Øystese 3-0 på corner. Vic med god heading fra første stolpe, går i stang, keeper og ein bue ut på 5 meter. Der kjem Knut og moser den i nettaket med høgre kne. Brann øyner eit lite håp ved redusering til 1-3 i det 70. Minutt. Heldigvis for Øystese er det ny dødball og Knut kan fullføre hattricket sitt minuttet etter. Preben stusser bak i feltet og Knut kan sette inn 4-1 med venstrefoten. Mål med venstre, høgre og hodet og dermed ekte hattrick
Øystese kan senke skuldrene litt. Men det begynner å røyne på kreftene. Og det siste kvarteret blir ein kamp mot klokka og eit stort brannpress.  Junior Morten Heradstveit Øyri kjem inn til sin Alags debut siste kvarteret. Får han samme fotballkarrieren som sin far er det ikkje siste kampen me ser Morten i. Morten jobber bra og hjelper Øystese med friske bein i det verste Brannpresset. Sjølv om Brann reduserer til 2-4 rir Øystese av stormen og vinn 2-4! 3 meget viktige poeng heim til Hardanger. Sjølv om Øystese har knalltøft program på slutten er det hope in hanging snore.
Dessverre pådrar kaptein Sebastian Skåre seg gult kort i sluttminuttane for å stoppe ein Brannkontring og er suspendert i neste kamp.

By | 2018-09-29T20:45:34+00:00 29. september 2018|0 kommentarer