Øystese tok i mot opprykksfavoritt Lysekloster til kamp om livsviktige poeng i 3 divisjon. Lysekloster trong poeng om dei vil rykke opp til 2 divisjon og Øystese trong poeng om dei vil unngå nedrykk til 4 divisjon. Sånn sett passa ikkje uavgjort nokon av laga. Lysekloster hadde mesteparten av spelet og tok og leiinga 1-0. Preben Skorpen utlikna like før pause. Etter pause fortsatte Lysekloster med mykje av spelet medan Øystese kom på farlege overganger.  Unge Morten Øyri får to store sjanser på kontring. På eine vert han feid overende av forsvarsspelar og på andre der han kjem åleine med keeper går keeper seirande ut av duellen. 1-1 og 1 poeng er litt lite for Øystese sidan dei andre nedrykkskandidatane vann sine kamper. Men fortsatt er det håp med 9 poeng igjen å kjempe om

Dette skriv lokalavisa på Os om kampen
https://www.midtsiden.no/tok-eitt-poeng-klatra-til-topps-pa-tabellen