Eit Øysteselag i desperat poengnaud var i dag i Stavanger for å prøve å sanke nokon poeng. Stavangers tredje beste lag , Brodd var motstander. Etter ein relativt jevn fyrsteomgang kunne Brodd gå til pause med 1-0 leiing.  Etter pause gjekk rullegardina ned og Brodd scora fire nye utan at Øystese klarte å kvittere. 5-0 tapet gjer og at muligheten for vidare 3 divisjonsspel kun er teoretisk.  Det er to kamper att. Øystese ligg 6 poeng bak Stord på sikker plass. Men når ein har 27 mål dårlegare målforskjell må nok sjølv dei største optimistane innsjå at Øystese spelar i 4 divisjon i 2019