Tap og nedrykk

Før siste heimekamp mot Sotra var det syltynn teori som holdt Øystese oppe i 3 divisjon. Øystese måtte vinne begge sine to siste kamper med store siffer samt at nedrykkskonkurrentane Stord og Tertnes måtte tape. Det siste gjekk fint då både Tertnes og Stord tapte sine kamper i helga. Men Øystese vann ikkje med store siffer. Derimot tapte ein 2-6 på heimebane mot Sotra og det er derfor definitivt klart at Øystese rykker ned til 4 divisjon. Ein sesong der ein har vist i enkeltkamper at ein er fullt på høgde med dei beste laga men har desverre ikkje vore stabil nok. Øystese har i heile haustsesongen lidd under savnet av ein spiss. Øystese sine offensive spelarar har stått bak 1 av måla i haust. Resten har forsvar og midtbane tatt seg av.  Midtstopper/høgre back Knut Eriksen Eide vart toppscorar med 10 mål. Øystese har heller ikkje hatt noko heimebanefordel i 2018. På grunn av for korte sikkerhetssoner plasserte byråkratene i NøFF Øystese i Norheimsund og Øystese er nok blant laga i norsk toppfotball som har best resultat på bortebane vs heimebane. Av teljande kamper i 2018 har Øystese vunne 3, spelt 1 uavgjort og tapt 10 på heimebane medan på bortebane har Øystese vunne 6 spelt 2 uavgjort og tapt 6. Tilskodartalla (om ein ser vekk frå cupkampen mot Sogndal) er og halvert samanlikna med 2017. Nedrykket er eit faktum. Øystese gratulerer enten Sotra eller Fyllingsdalen med opprykk og gleder seg stort til sesongen 2019!

By | 2018-10-21T11:39:28+00:00 21. oktober 2018|0 kommentarer